Der ingen skulle tru at nokon kunne bu har vore ein av dei mest populære fjernsynsseriane NRK har sendt dei siste åra. Meir enn 1,2 millionar sjåarar har følgt programma på det meste. Etter at serien hadde gått i tolv år og 75 program var sende, fann mannen bak programmet, Oddgeir Bruaset, tida inne for å pensjonere seg. Ved sida av å vere programskapar har Bruaset også vore forfattar og foredragshaldar. Dessutan har han gitt ut fire bøkersom er basert på serien, der vi får vite meir om stadene og menneska han besøker. Med bakgrunn i bøkene og programma vil Bruaset halde eit bildeforedrag om folket som «bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Han les utdrag frå bøkene, og han fortel om møte med menneske som lever på ein måte som for dei fleste av oss verkar usannsynleg og eventyrleg. Etter foredraget blir det høve til å kjøpe bøker, med ei personleg helsing i.

Arrangerast i samarbeid med Landvik Mållag.

Ved ankomst etter kl. 19.00 så må inngangen i 1. etasje benyttes.